Rundt omkring i bygdetunet kan publikum få vere med på å lage, smake og lære om mat med ulik historisk og kulturell tilknyting.
Studentane går på studiet Mat, kultur og konservering, som er retta mot dei som er interesserte i praktisk og teoretisk kunnskap kring matkultur, mattradisjonar og konservering. Om lag tjue studentar vil vere i aktivitet denne søndagen. Tidlegare år har deltakarane vore med på maling av korn, steiking av potetkaker og flatbrød, kinning av smør, smaking av jordskokksuppe eller konservering av produkt som plommer eller nype.
Vel møtt til ein sosial, smakfull og lærerik dag i Volda Bygdetun!