I fjor kleiv dei opp Saudehornet på 1303 moh. I år kunne dei ikkje vere dårlegare. Med ypparlege vêrmeldingar og sekkane pakka, bussa gjengen på om lag 25 elevar i veg til Kvistaddalen.

SNØ: Sjølv på seinsommaren ligg der snø på veg mot toppen av Skårasalen. Foto: Møre barne- og ungdomsskule.

Langt og bratt

Målsetjinga frå turleiar og sjuandeklasselærar Jon Kristian Moe var å få til topps alle som ville prøve seg. Då er første bod å gi elevane trua på at dei kan klare det og samstundes ha det kjekt ilag. Alle som ville til topps, fekk difor prøve. Nokre valte ei lettare rute inn mot Fjellvatna og hadde aktivitetar der i nydeleg sommarvêr. Resten av gjengen tok fatt på oppstigninga i samla tropp. Fjellsida opp mot den flotte toppen er både lang og bratt, og elevane fekk raskt erfare at høgdemeter gir utsikt. Med hyppige pausar og eit relativt samla felt, nådde dei toppen etter nærare tre timar.

PAUSE: Det måtte ein del pausar til på veg opp til Skårasalen, og her er bilde frå ein av dei. Foto: Møre barne- og ungdomsskule.

 Full pakke

Ein topptur i Sunnmørsalpane krev meir tid enn det som ein skuledag rommar, samtidig treng svoltne og slitne elevar god mat. Løysinga vart dermed å pakke med i bussen ei bålpanne, samt ein heil haug med pølser og tilbehør. Middagen denne dagen vart såleis fortært i nydelege omgjevnadar på Årsetsætra med kvasse tindar som ramme.

TIL TOPPS: Alle dei 16 elevane og lærarane som prøvde seg på toppen, kom heilt til topps på Skårasalen. Foto: Møre barne- og ungdomsskule.

 Kvar går turen neste år?

Tradisjonen med ei real topptur hat sett seg for elevane ved Møre, og ein mektig imponert lærargjeng ser ikkje store hinder for ei større satsing neste haust også. Elevane er heilt klare på at toppen må bikke 1600 moh. Nokre kviskrar om Skålatårnet. Turleiar Moe nådde i alle fall målet om at alle som ville prøve seg på toppen, kom opp.