Stemnetalar Hanna Relling Berg er redaktør i Sunnmørsposten. Ho har sett sitt preg på Sunnmørsposten gjennom fleire tiår, og blei i 2007 den første kvinnelege sjefsredaktøren i avisa. Som redaktør har ho vist seg som kunnig og uredd, og ho har vore med på å gjere Sunnmørsposten til ei avis som har nasjonalt og internasjonalt utsyn, men òg godt fotfeste i sunnmørsregionen. Relling Berg er nestleiar i Norsk Redaktørforening og styremedlem i Norsk Presseforbund.

Hanna Relling Berg. Pressefoto

Tabu og tuba er eit samarbeidsprosjekt mellom Aasen-tunet og jazztubaist Daniel Herskedal. Han har nyleg kome med plata The Roc, inspirert av musikalske tradisjonar han er blitt kjend med på reiser i Palestina, Syria og Libanon. Herskedal har med seg eit lite band, og musikken blir framført attåt opplesing av sensurerte tekstar frå Midtausten. Det blir ei festspelavslutning både til avveksling og ettertanke.

Jazztubaisten Daniel Herskedal utmerker seg på den europeiske jazzscena med sitt varme, melodiske og kraftfulle tubaspel. Adjektiv som «mirakuløst» og «magisk» sit laust, og på konsertane sine gir han publikum heilt nye idear om kva lyd som faktisk kan bu i ein tuba. 

Med seg på scena har han Eyolf Dale på piano og Kenneth Ekornes på trommer.

Under Aasen-stemnet viser Øystein Hovland fram ein heilt spesiell lokal musikkarv.

– I gammal bryllaupstradisjon hadde kjøkemeistrane ved bryllaupsfestar eit repertoar av tradisjonelle songar som dei nytta. Her som elles i landet brukte dei ofte tekstar av Ivar Aasen, fortel Hovland.

Øystein Hovland. Foto: Anna Gjendem

Morfar hans, Peder P. I. Vatne, kunne ein del slike songar frå Vatne i Åmdalen, der han vaks opp.

– Han var ikkje kjøkemeister, men hadde lett for å lære melodiar. Før han døydde, gav han dei vidare til meg, seier Hovland.

I Uteamfiet framfører han to tradisjonelle bryllaupssongar med tekstar av Aasen.

– Desse songane er noko som er mitt eige, som høyrer heime her. Eg meiner det speglar ein av Aasens grunnleggande verdiar: At din eigen arv er god nok, peikar han på.

Søndag 2. juli
16.00–17.30
Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet