Koret er klare til ny motevising med sesongens nye klede og fargar i Ørsta kulturhus 18. oktober. Jarle Johnsen i Ørstakoret loser publikum gjennom haustens og vinterens motar frå,Femina, More Woman, Sissel Design, Kle & Kaffi og Vienna Mote, med kormedlemar som modellar.

Denne gongen vert Staurset Dame og Herre  med att, så mennene i koret skal vise det siste innan herremotar, og frå Fa´saden  får vi sjå gode nattkle, kosedressar, morgonkåper og slåbrokar. Det vert vist klede til kjølege dagar og klede til sesongens feiringar.

Dirigent Ketil Grøtting leiar koret i ei lita koravdeling og spelar piano til sjølve motevisinga.

Det vert bognande kake- og smørbrød bord, loddsal og trekking av gåvekort og andre flotte gevinstar.