Av Svein Nordal

BILEIGAR: Stian Juliebø eig flest bilar i Amcar Ørsta Volda. Han har vore oppe i elleve, no er han nede i åtte amerikanske glis. Pluss to Harley Davidson.

Litt humor må ein jo ha, meiner Stian Juliebø i klubben Amcar Ørsta Volda. Han viser oss rundt i garasjen, der det kanskje vakraste synet er ein oppshina Chevrolet Bel Air 1955-modell.

– I denne bilen køyrde vi på familieferie heile Skandinavia rundt for eit par år sidan. Lavvoen låg pakka i bagasjerommet, og vi fekk tallause «tommelen opp» i løpet av den turen. Eg har trua på å bruke bilane, og syns det er alt for mange amerikanarar og veteranbilar som stort sett berre er ute på vegane når det er treff, seier Juliebø.

Treff vert det for øvrig så det held dei siste dagane i mai, då klubben skal arrangere det tradisjonsrike Sunnmørstreffet i Ørsta – som vart arrangert første gongen i 1984. Som vanleg vert det gate-parade og kåring av dei finaste bilane. På Mosflata vert det også dragrace-konkurranse, der to og to kraftbilar køyrer om kapp.

Solbrent i Arizona

Juliebø er i dag førti år gammal, og har samla på amerikanske bilar sidan han var nitten. Eksakt tal på kor mange han har vore eigar av, har han ikkje, men det har blitt ei bra liste etter kvart. I dag er talet åtte – samt to Harley Davidson-syklar – og ei «antikk» polsk campingvogn som han vurderer å pusse opp.

–   Bilane her i garasjen er i grunnen dei modellane eg drøymde om å skaffe meg då eg var yngre. Og no står dei her. Denne her må du forresten sjå på – det er den som vekkjer mest oppsikt, seier Stian, og viser meg ein Chevrolet Biscayne 1960-modell.

ØRKENBILEN: Denne doningen har stått i Arizona-ørkenen i tretti år…

Tak og panser er brunt av det eg trur er rust, innvendig er interiøret raudt, og med raud pels i taket.

–   Det er ikkje rust. Bilen er rett og slett solbrend, etter å ha stått ved ein farm i Arizona-ørkenen i tretti år. I opptil femti graders varme. Heile interiøret var faktisk gått i oppløysing av varmen.

Slike bilar – som ser ut som køyrbare vrak – er i kategorien «patina» eller «rat look», og har vore eit fenomen i miljøet siste ti åra.

45 medlemmer

Amcar Ørsta Volda har i dag 45 medlemmer, og dei eig til saman rundt seksti bilar. Nokre av medlemmene møter vi i kjellaren i den tidlegare trikotasjefabrikken i Strandgata i Ørsta. Her møtest dei, mekkar og diskuterer bil.

Som Juliebø er Terje Kvien også eigar av ein Chevrolet Ble Air. Men denne 1956-modellen er ombygd til dragrace-bil.

–   Eg kjøpte den av han som bygde om bilen i Mo i Rana, og deltek i mi første konkurranse med bilen på Sunnmørstreffet, seier Kvien.

Han fortel at bilen har blitt utstyrt med ein motor på 613 hestekrefter, og at førre eigar kom opp i ei hastigheit på heile 223 kilometer på ei bane på berre to hundre meter. Så det er ikkje tvil om at «gamlingen» kan sparke frå.

Sosialt

– Kva er det beste med å vere med i amcar-miljø?

– Det er veldig sosialt. Og så er det jo ikkje alle som er interesserte i fotball…! Seier Johan Sætre, som er midt i eit oppussingsprosjekt.

I kjellaren ser vi eit framandelement: Ein gammal Ford Granada klar for oppussing:

– Ja, vi er jo ikkje «rasistar». Skotta mellom dei ulike bilklubbane og miljøa er ikkje så tette som før. Vi samarbeider mykje. Bilmiljøet er for lite til at vi skal sitje på kvart vårt nes utan kontakt.

– Kva syns de om Miljøpartiet De Grønne?

– Hahaha! Huff! Nei, det eignar seg ikkje på trykk! Vi elskar drønna av motorane og lukta av drivstoff!