Av Hild Nordal

Det fortel Ingvild Berge Conradsen og Bernhard Pedersen, som begge går tredjeåret på musikklinja ved Volda vidaregåande skule.

I morgon, torsdag 7. desember, er det altså duka for musikklinja sin årlege konsert i Volda kyrkje. Tradisjonen er slik at det er tredjeklassingar som får vere solistar på denne konserten, og det er også sisteårselevane som er ansvarlege for arrangementet.

Over 70 songarar

-Koret og musikarane er elevar frå alle tre trinna på musikklinja. Koret har 70-80 songarar, og vi er veldig stolte av det. Koret er på ein måte kjernen i musikklinja, seier Pedersen.

Dei fleste songane på årets konsert er julesongar. Felix Mendelssohn sin «Angels in Seven», «Ubi Caritas» av den norske komponisten Ola Geilo, og «Giants» av Donald Lawrence er nokre av stykka som vil verte framførte.

Fin klang

-Folk bør kome på konserten vår for å få ei skikkeleg fin, musikalsk oppleving. Sjølv gler vi oss veldig til å opptre i den fine klangen i Volda kyrkje, seier Ingvild Berge Conradsen.