Av Svein Nordal

Første gong publisert 22/1-14

Han er no 57, og har spelt i band sidan han var fjorten. Bassisten, songaren, gitaristen og keyboardisten meiner det kanskje kom eit skilje på 1980-talet, då fleire litt meir alternative band dukka opp.

– Så vi har jo ein gjeng med nokre karar i førtiåra som spelar skikkeleg knallhard rock, smiler Kobberstad, som saman med Terje Espe har hjelpt Regionavisa med å få ei lita oversikt over nokre av Nordfjord-banda frå gamle dagar.

  • Candy Boys: Starta i 1964/65 i Stryn, og medlemmene var Anders Magne Vik, Arne Vik, var Paul Hol, Anders Meland og Birger Meland. Spelte mykje til dans utover på 1960-talet.
  • Wirus: Starta på grunnlaget av Candy Boys  rundt 1970, og nye medlemmer som kom til var blant andre  Inge Rand, Arne Vike og Otto Raudi. Svært aktive i Nordfjord og på Sunnmøre nokre år på 1970-talet. Tøff gjeng, som trass i å ha hamna på taket med folkevognbussen gjennomførte konserten i Hjørundfjorden om kvelden. Nokre av medlemmene starta seinare Atlantic.
  • Cheena: Starta i 1973 i Hornindal, med medlemmene Nils Petter Lillestøl (vokal/keyboards), Geir Haugen (gitar), Terje Espe (trommer), Rolf Kobberstad (bass), Gunnar Fannemel (trompet) og Arne Lillestøl (trombone). Anders Magne Vik med ei kort periode i starten. Turnerte i ein liten Hanomag varebil, spelte dåtidas store hits som ”Sylvias Mother” og ”Mighty Quinn” i Nordfjord og svært hyppig i Vanylven. Bandet oppløyst i 1976. Nils Petter Lillestøl starta seinare bandet Queency.
  • Fernando før dei sjølve vart veteranar. Bandet heldt det gåande frå 1979 til 2004.

    Fernando: Stryn-basert danseorkester som heldt det gåande frå 1979 og heilt fram til 1994. Svært aktive på 1980-talet.

  • Haugens Kvintett: Spelte til dans i Nordfjord og på Sunnmøre frå 1979 til 1992.

Les også: – Vaksenpop til alt folket

  • Rett Vest: Duo beståande av honndølane Rolf Kobberstad og Bjørn Solum. Starta i 1991, og held på framleis. Dei to har til saman snart hundre års erfaring som dansemusikarar.
  • The Mongrels: Starta på Stryn ungdomsskule i 1965, med følgjande medlemmer: Terje Espe (trommer), Solveig Espe (gitar), Bjørn Roset (gitar), Kolbein Roset (trekkspel og sang). –Vi spelte mykje Shadows-musikk, og mangla bassgitarist, seier trommeslagar Terje Espe.
  • United starta i 1968, og var tidleg ute på country på nordvestlandet.

    United: Espe vart rundt 1968 medlem i bandet United saman med blant andre Nils Petter Nes frå Eid. Dei hadde også med seg eit par sunnmøringar og ein nordlending i bandet, minnest Espe, som fortel at United truleg var blant dei første på nordvestlandet som spelte litt country.

  • Lost Expectations: Starta av Espe då han gjekk på gymnas på Sandane, og her var Knut Andenæs, Geir Haugen og Rune Berstad blant dei andre medlemmene.
  • Rockefort: Oslo-band starta i 1979 av dei utflytta nordfjordingane Knut Andenæs, Geir Haugen og Terje Espe. Dei andre medlemmene kom frå Romsdal. Bandet var svært aktive i eit par år, og spelte blant anna låtar av 10CC og Supertramp.
  • Honndalen Soul & Funkarlag: Knapt noko danseorkester trass i det funky namnet. Har prioritert å spele landbruksrock i snart tretti år, til stor regional suksess på 1990-talet.

Les også: – Planen var å bli eit funkband