Av Svein Nordal

Dei to kommunestyra hadde fellesmøte på Grodås i dag, og gjekk så kvar til sitt for å gjere vedtak i diverse saker, mellom dei namnesaka. Komiteen som innstilte til namn hadde på førehand samrøystes gått for Volda, men det vart spenning om saka etter at ordførar Stig Olav Lødemel i Hornindal sjekka stemninga blant politikar-kollegaene i Hornindal i førre veke.

–Eg vågar ikkje å spå kva som vert utfallet. Det ser ut som om kommunestyret er delt omtrent på midten, sa Lødemel då.

Det namnet som vart vurdert som beste alternativet til «Volda» var «Kviven kommune», sidan det er Kvivstunnelen som bind saman dei to kommunane.

Men då det i dag var avrøysting, vart det 10 – 7 til fordel for Volda-namnet i Hornindal kommunestyre.

I Volda kommunestyre vart avrøystingsresultatet 26 – 0 for namnet Volda kommune.