Av Knut Arne Høyvik

Han leiar no Diamond League, og har allereie skrive seg inn i både den nasjonale- og  internasjonale friidrettshistoria. Det er ikkje kvardagskost for ein unggut, som har vakse opp i ei lita grend, ute på kanten av landet. Men kanskje er det slik at stjernene faktisk kjem nedanfrå, og ikkje ovanfrå.

Media vil sjølvsagt ha mykje meir , og snakkar om både VM-gull og OL-medaljar. Det kan godt kome til skje, men hovudpersonen sjølv plantar føtene trygt i bakken. Han er ikkje skapt til å ta av, og han mister ikkje hovudet, han veit at han kan få bruk for det. Han er ein intelligent gut, som analyserar veldig rasjonelt. Han veit også godt at det er tidleg i sesongen, og at mange av dei han slo i førre veke, kan vere i mykje betre i form under VM i London i august. Difor ber han journalistane om å slappe av, og jekke seg litt ned. På den måten kvittar han seg med noko av det store presset, som blir lagt på skuldrane hans. Det er nemleg ikkje berre enkelt å ha suksess. Det er mange som vil eige i han, og familie og forbund passar på at det ikkje skal bli for mykje styr utanfor bana.

Dei verdiane og den jordnære haldninga  han har, har han fått med seg både frå heimen, og frå klubben sin Dimna IL. Ingen av dei som har vore rundt han, har sveva på ei rosa sky, fordi guten har henta heim medaljar i bøtter og spann.

Kor mange timar han og Arve Hatløy  trena i lag, før Karsten flytta til Oslo, er det berre dei to som veit, men det er veldig mange. Det var slik fundamentet vart lagt, og Karsten har alltid vore treningsvillig.

Etter at han flytta til Oslo har han og trenaren Leif Olav Alnes jobba hardt og målretta vidare. No kjem toppresultata, og Karsten er berre 21 år. Om han ikkje får skade eller blir sjuk, er det grunn til å tru at vi får høyre mykje meir om han i åra som kjem. Han har allereie limt seg inn i dei lokale historiebøkene, som ein av dei største idrettsutøvarane frå vårt fylke.

Men starten på idrettskarrieren var spesiell og litt sjarmerande. Hans første løp, og hans første medalje. Då var Karsten 6 år, og var med mora og faren til Ulsteinvik for å handle. Der møtte han bestekompisen Kristian Dragsund Mork som inviterte Karsten med på eit gateløp. Karsten stilte spontant opp, i dongeribukse og T-skjorte. Karsten vann, og i fjor haust fortalde han meg, at han var like glad for den medaljen, som for alle dei andre han har vunne.

Slik er det når du likar å vinne.

PS. Karsten og Kristian ar framleis bestekompisar, og Kristian var på plass i Stockholm sist søndag for å heie på Karsten.