Tysdag 28. november er det konsert i Ulsteinvik kyrkje på ettermiddag og i Herøy kyrkje seinare på kvelden.

Dei siste 16 årene har «Stille natt Hellige natt» turnert med nestor og folkekjære Rune Larsen i spissen. Og med seg på laget har han også denne gongen Maria Haukaas Mittet som har fått med seg ektemann og ein av Noregs aller fremste musikalartistar, Hans Marius Hoff Mittet. Siste mann på laget, men ikkje minst, er Alexander Rybak som i år er med for fjerde gang. Musikarane er Tove Kragset og Olav Torget.

—Noko av inngangsbilletten også i år gå til Strømmestiftelsen og deira arbeid blant dei aller fattigaste i verda, seier produsent, Tor Arne Ranghus i Taran AS.

Sidan 2000 har Strømmestiftelsen vore med å arrangere konsertane, som siden starten på samarbeidet har gitt rundt 11 millionar kroner til bekjempelse av fattigdom i verda.

— For Strømmestiftelsen betyr samarbeidet svært mye. I tekst og tonar formidlar «Stille natt Hellige natt» solidaritet og nestekjærleik inn i ei uroleg verd som kanskje treng dette no meir enn nokon gong, seier fungerande kommunikasjonssjef i Strømmestiftelsen, Rune Mørland.