Dette er den 3. singelen frå albumet som skal vere klart hausten 2017. Etter to singlar som lener seg meir mot country-rock, er «Never Break My Heart» ein meir jordnær og melodiøs låt. Låta handlar om å søkje etter «den rette» (someone who´ll never break my heart), og alle omvegane dei fleste må gjennom før dei kjem i mål.

Tekst og melodi er av Johansen sjølv, låta er spelt inn i samarbeid med Hans-Christian Humberset.