Med glimt i auge og eit meir rocka uttrykk, leverer han eit album med lidenskapelege låtar om uovervinnelig kjærleik i ei gal, gal verd. No slepp han musikkvideo til tittelsporet og dansar med maskerte damer i skummelt lys, står det i pressemeldinga frå Olsen.

Komande fredag 15. september, spelar Egil Olsen med band i Herøy Kulturhus i Fosnavåg, og fredagen 22. september på Rokken i Volda.

Veldig Egil Olsen

–»You and Me Against the World» er ei ganske annleis låt for å vere meg, og eg har litt vanskeleg for å forstå den heilt. Den er stilisert og teatralsk, men det er noko uironisk og lite fjollete med den, trass trommemaskinen, ulydane og dei “smarte” strofene. Den er på ein måte ikkje heilt meg, men samtidig veldig veldig meg, seier Egil Olsen i ei pressemelding.

«Egil Olsen har laget sin beste plate hittil, et av årets beste album” skriv musikkbloggen.no. Råkkfolk.no gir albumet 9 av 10 og skriv «Vokalen er tidvis helt fantastisk og tekstene er meget gode. Vi har med en poet å gjøre.” og VG meiner det er “noe offensivt, bredbent og gledelig uironisk og stolt over helheten” og legg til at Egil Olsen er “en av landets morsomste liveartister”.

Annleis lydbilde

–Sjølv om eg er ein singer/songwriter som trivst best åleine med ein gitar eller eit piano, er eg veldig glad i mykje forskjellig musikk. På denne plata, og spesielt denne songen, gav eg meg sjølv lov til å leike meg i studio. Eg ville bygge eit annleis lydbilde med mykje effektar, elektroniske element, blåsarar og lag på lag med elgitarar. Samstundes er den så melodiøs og fortelljande at den fungerar åleine også. Sidan eg spelar mange konsertar åleine, er det viktig for meg at songane mine kan gjenskapast på ein nedstrippa og enkel måte.

Albumet er ute på alle digitale platformer, cd og vinyl. Gjennomsiktig, djup raud vinyl.

 

VIDEO: You and Me Against the World