• Beady Belle

    Beady Belle: Beate Slettevoll Lech frå Volda starta i 1999 opp Beady Belle, og operer i grenselandet mellom jazz og pop. Ho turnerer internasjonalt, og har samarbeidd med blant andre Brazz Bros, Folk og Røvere og den verdskjende Jamie Cullum. Førebels har det kome seks cd’ar med Beady Belle – den første «Home» i 2001, og den førebels siste «Cricklewood Broadway» i 2013.

 

 

 

 

 

 

  • Simone: Simone Larsen frå Volda var med i fleire band i heimbygda før ho flytta til Oslo og fekk suksess på slutten av 1990-talet med bandet d’Sound, som debuterte på plate i 1997 med «Spice of Life». Bandet fekk Spellemannsprisen i 1998. Det har blitt mange plater sidan den gongen, og den siste, «Starts and Ends» kom i 2010. I mellomtida prøvde Simone seg som soloartist med plata «The last days and nights of rock’n roll», som trass i god kvalitet selde lite. Simone Larsen er i år aktuell med NRK-programmet «Hver gang vi møtes».
  • Egil Olsen

    Egil Olsen: Kultartist frå Ørsta. 33-åringen gav ut si første plate med bandet «uncle’s institution», og har sidan gjeve ut fleire soloplater. Kulturprisvinnaren i Ørsta kommune gjer det elles stort i det fjerne austen, og vert teken imot som ei stor vestleg popstjerne når han turnerer Kina og Japan. Olsen er elles ein svært så habil teiknar, og fekk nyleg si eiga teikneserie-spalte i Dagbladet.

 

  • Side Brok

    Side Brok: Rapgruppe frå Hovdebygda, starta av Runar Gudnason – alias Thorstein Hyl i 2002. Gudnason er busett i København, men sterkt inspirert av oppveksten i Hovdebygda, og rappar på Ørsta-dialekt. I 2004 fekk bandet ein storhit med «1 – 2 – 3 – Fyre», og opp gjennom åra har det blitt fleire CD-utgjevingar – samt seks digitale «kassettar» som kan lastast ned frå bandet si heimeside, til og med med ferdiglaga kassett-cover, som berre kan printast ut og klippast til (og helst kopierast over på kassett). Bandet har til og med sin eigen dokumentarfilm, «Heimegutar». Andre sentrale medlemmer er Bård Aasen Lødemel og Oddgeir Kristensen.

 

  • Surferosa: Mariann Thomassen frå Stryn var vokalist i bandet Surferosa, ei synth-basert trashpop-gruppe som sprang ut frå studentmiljøet i Bø i Telemark i 2000. I 2001 vann gruppa bandkonkurransen Zoom, og turnerte Norge og England våren 2002. Dei fekk mykje merksemd i media, ikkje minst på grunn av vokalist Thomassen. Surferosa album-debuterte med «Shanghai My Heart» i 2003, og fekk fleire radiohits. Same år laga dei all filmmusikken til spelefilmen «Bare Bea». Andreplata «the Force» kom i 2005, men selde ikkje like godt som debutplata, trass i gode kritikkar i pressa. Namnet Surferosa er henta frå ei plate med Pixies som heiter «Surfer Rosa» og kom ut i 1988.

 

  • Vassendgutane

    Vassendgutane: Festkøntri-bandet vart starta i Åmdalen i Ørsta i 1997, og har sidan blitt det mestseljande bandet frå nordvestlandet. Hittil har dei gjeve ut seks CD-plater, og nokre av dei mest kjende låtane er «Ungkar med dobbelseng», «Granada», «Båtfolk» og «Siste dansen». I tillegg har bandet gjeve ut to konsert-DVD-ar, og spelar festcountry for fulle hus landet over. Opp gjennom åra har det vore fleire utskiftingar i besetninga, og bandet består i 2014 av Sindre Aam (bass/vokal), Arthur Johan Bjørdal (gitar/vokal), Ernst Brune (trekkspel), Rune Brautaset (gitar/vokal), Frank Utgård (sologitar), Alf Rune Melby (steelgitar) og Kim Erik Lillestøl (slagverk).

 

  • Fabel: Nordfjord-basert band som fekk suksess blant anna med plata «Jordbær og grasbrann» i 1996. Medlemmer var blant andre Odd Erik Lothe frå Kjølsdalen i Eid kommune og Fred Stave frå Volda. Bandet spelte viser og pop/rock.