OPNING: Her klipper Kristin Krohn Devold snora og erklærer råsa til Dalegubben for offisielt opna.

Saman med eit turfølgje gjekk ho opp til toppen, 1344 meter over havet. Denne dagen var utsikta ikkje noko å skryte av, sidan gråskodda var dominerande.

Men laurdagen skein sola frå nærast skyfri himmel, og femti personar frå heile distriktet tok turen opp på fjellet, som hittil ikkje har vore særleg trafikkert. Men med nymerka løype reknar ein no med at Dalegubben kan bli eit av dei mest populære turmåla i Hjørundfjord-alpane.