Klubben har valt å flytte Hovderittet frå Hovdebygda til Bondalseidet, og her vil rittet blir arrangert i tilknyting til langrennsløypene og skitrekka.

Løypa er på omlag 3,8 kilometer, og vil gå over fleire runder etter klasser. Start, passering og mål vert rett utanfor varmestova som også vil ha open kafè. Publikum kan følge med løparane når dei syklar innom nokre sløyfer opp i skitrekka, og slost om sigeren inn mot mål.

Ungdomscupen

Det blir også kretskup for aldersgruppa 11-16 år. I ungdomscupen blir det ei noko kortare og lettare løype på omlag 2,1 kilometer. Også her fleire runder alt etter klasser.

LØYPA: Slik blir løypa på Ørsta Rundbane i år. Illustrasjon: Ørsta Sykkelklubb