Av Charlotte Karoline Kvistad

I samband med Naturfestivalen, og arrangementet Saudehornet Rett Opp 2017 5. august, skal Egil Olsen spele to konsertar. Først ut er Bakketunet på Bjørke komande laurdag og den andre er på Vallahornet i Ørsta.

Egil Olsen er kjend for sine usedvanleg underhaldande konsertar, der han med sine små akustiske viser, balanserer sårheita, varmen og melankolien i musikken, med sin uforutsigbare lune humor og komiske timing på scena. Musikaren er oppvaksen i Ørsta og bur i Oslo. For Olsen er Vallahornet eit ikonisk Ørsta-fjell.

–Når eg var liten trudde eg det var ein vulkan. Det ser ut som ein vulkan. Eg antek at der er fin utsikt. Eg gler meg til å gå opp dit og spele, seier Olsen.

ØRSTA: I samband med X2 spelte Egil Olsen inn musikkvideo på Veirahaldet i 2013.

Ei spektakulær oppleving

Ein av arrangørane for motbakkeløpet Saudehornet Rett Opp og konserten med Egil Olsen er Thomas Vinjevoll. Han fortel at arrangørane vil prøve noko nytt i år og få til ei spektakulært oppleving.

–Dei fleste i Ørsta kjenner til Egil, og kombinasjonen av natur og musikk vert bra. Egil er morosam og folkeleg under konsertane sine, seier Vinjevoll.

Olsen stussa ikkje då han fekk førespurnad om å spele der og takka ja. Då han budde i Ørsta var ikkje natur og fjell kult, men no saknar han naturen. Det freistar han i større grad.

–Det vert både kjekt og spesielt å spele på Vallahornet. Eg skal spele nokre songar frå mi nye plate som kjem i slutten av august. Så må eg spele «In the middle of Norway», som handlar om å vekse opp på ein liten stad, seier Olsen.

ARRANGØRAR: Frå venstre Vegard Hundsnes, Magnus Myrene Stokke, Selma Dagenborg, Thomas Vartdal Vinjevoll og Kristian Østgaard. Foto: Privat

Håpar mange kjem

No er Olsen på ferie i Ørsta og han skal gå nokon fjellturar for å teste forma si, før han erobrar Vallahornet neste laurdag.

–Eg er mest spent på om eg kjem meg opp, sidan eg aldri har vore der. Eg håpar at folk går opp for å høyre på konserten. Eg skal gjere det så fint som overhovudet mogleg, seier Olsen.

Vinjevoll seier at hovudsponsoren Sparebank Møre gjorde konserten mogleg, som startar kl.13.00 på Vallahornet 5. august. Det gjev tid til mosjonistane å kome opp og konkurrentane rekk å kome ned igjen til konsertstart.

–Motbakkeløpet Saudehornet Rett Opp er ein tradisjon i Ørsta, og vi har gjort det ekstra spennande i år. Det har vore feil tidspunkt i tidlegare program for konserten, og eg håpar at alle får med seg rett dato og klokkeslett no. Vi håpar at flest mogleg melder seg på, seier Vinjevoll.