Av Svein Nordal

Første gong publisert  22/1-14

– Javisst skulle vi spele funk! vedgår keyboardist Svein Ove Seljeset (44), no busett i Volda. Dagens band består av han, Rune Seljeset (trommer), Torgrim Rødvik (bass), Truls Eide (gitar) og Liv Merete Kroken (fele). Medlemmene er spreidde for alle vindar, – Volda, Hornindal, Førde, Bergen og Stavanger.

– Men når vi spelar ilag – no omtrent kvart skotår – er vi honndalsbøndene Hallstein I. Bakkja (47), Elljing på Bøna (66 1/2), Rasmes Kaare (56), Sivert Bøh (55) og Jugdis I. Jøla (25). Eg er «Hallstein», og har vore 47 år sidan starten i 1986 – no er det forresten berre tre år til eg passerer Hallstein i alder…

Silorock

Forløparen til bandet var oppkalla etter Rolling Stones-låten «Satisfaction», og vart starta av Svein Ove og nokre andre gutungar i 1983. Då gjekk det i engelske coverlåtar – men tre år seinare la dei altså planen om å bli funkband, og prøvde seg som låtskrivarar, noko som resulterte i blant andre landbruksslageren «Siloen min» – ti år før Vassendgutane såg dagens lys.

– Medan Vassendgutane spelar country, er vi meir musikalsk opne. Vi har jo til og med eit par heavy-songar, insisterer Seljeset.

Bandet debuterte på Unge Venstre sitt landsmøte i Førde i 1987. Så vart det Måløydagane-konsert i 1988, før dei i 1989 skulle halde «avskjedskonsert» på Glopperock.

– Då var vi samde om å leggje ned heile prosjektet, men så var det at vi vann ei talentkonkurranse på festivalen, og så tok det heilt av. Heile 1990-talet var det eit fole styr, i 1995 gav vi ut CD, det vart masse NRK-speling og konsertar fram til vi la ned bandet i 1998. I åtte år spelte vi ikkje ilag ein einaste gong, ikkje ein gong heime i stova. Men så vakna vi til liv igjen til Glopperock i 2006, og sidan det har vi spelt sånn cirka kvart skotår, med høgdepunktet hittil på Kvivsvegopninga i september 2011. Då hadde vi laga ein flunkande ny låt i høve den store hendinga.

– Kva heitte den?

– Eehhh, nei kva var det då? Å du gode gud – nei, det hugsar eg ikkje. Har nokon eit opptak, er det relativt eksklusivt … den handla vel om kjærleiken og bondelivet, eller noko slikt…?

Hoffreferenten sine eigne ord

Vi let Honndalen Soul & Funkarlag sin eigen referent Bukleik Kjørkjønne få ordet:

«Honndalen Soul & Funkarlag er 28 år i år, og dermed truleg eitt av dei lengstlevande funkarlaga i heile vide verda. 25 år gamle Jugdis I. Jøla er med for å draga ned snittalderen i gruppa, og dessutan kan ein jo sjølvsagt ikkje koste under golvteppet mitt at ho også er fager å sjå til…»

Den musikalske høgborga si har Funkarlaget på Seljeset i Honndalen, og her har dei funne inspirasjon til songar som «Bonden i fjøset», «Landbruksmann i Noreg», «Siloen min» og «Bak ei hes».

I 1989 deltok gruppa på Glopperock for første gong. Høvet var «Talent 89», der dei tevla mot andre band frå Sogn og Fjordane.  I kjølvatnet av sigeren på Glopperock fekk Funkarlaget gje ut ein singel som inneheldt låtane «Siloen min» og «Landbruksmedley». Og singelutgjevinga opna nye vegar for dei humørfylte honndalsbøndene, skal vi tru stutebonden Elljing på Bøna. Og det skal vi vel.

– Vi oppdaga brått verda utanfor Kjøshammartunellen, seier Elljing, medan han blar i den tynne minneboka si.

– Men vi skulle nok ha gitt ut meir enn ein singel, men vi hadde rett og slett ikkje tid til å spele inn fleire…

I åra som kom blei det mindre og mindre gardsdrift og meir og meir musikk på bøndene i Funkarlaget. Mjølkemaskinen vart sett på «auto» og markene grodde til med timotei, blåbær og lyng. Turneringsaktiviteten var hektisk, og det var ein tøff periode:

– Å vere vekke frå Dagros Marie og Storoksen Ingvald så lenge, var slett ikkje lett i det heile teke, om nokon skulle tru det, fortel Hallstein, som forresten er berre 1.57 meter høg, og såleis småbrukar. Han trakterer òg eitt av dei minste kuborda i Indre Europa, med berre fire tangentar.

Før VM i 1998 spelte Honndalen Soul & Funkarlag inn ein melodi på NRK Sogn og Fjordane til ære for ein av dei fire store i Honndalen; Frode Grodås. Diverre gjekk det ikkje vegen for Norge i meisterskapen, og låten gjekk difor i gløymeboka (eller var det minneboka?)

Sidan  2006 har Funkarlaget spela minst eit par gongar til saman, men føler no at dei kanskje har kapasitet til i alle fall to spelejobbar i året, om gardsdriftene går på skinner og tilhøva elles ligg til rette for at Funkarane kan få dyrke dei musikalske sidene sine.

– Det er berre å ta kontakt, ikkje ver sjenerte, seier den spelande trenaren til Honndalen Soul & Funkarlag, Rasmes Kaare,  som blir 99 kilo til sumaren….