– Som leksikon har vi ansvar for å gjere kunnskap tilgjengeleg for folk, slik at dei har høve til å setje seg inn i ulike saker og finne ut kva dei skal meine om noko. Derfor presenterer vi ei temaside med informasjon om val, parti, politikarar og politiske saker, og derfor har vi bede politikarar frå alle parti til å syne fram saker, personar og emne dei er interesserte i, seier redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Gjesteredaktørane får ønske seg artiklar som blir fremma på framsida av Allkunne.no og i sosiale medium. Dei har ingen innverknad på sjølve innhaldet i artiklane. Alle artiklane blir vurderte av staben og redaksjonen på lik linje som anna fagleg innhald på nettstaden.

Dei som har takka ja til oppdraget er Tore Storhaug (KrF), Sveinung Rotevatn (V), Fredric Bjørdal (Ap), Jon Georg Dale (FrP), Jenny Klinge (Sp) og John-Ragnar Aarset (H). Dei andre partia er spurde, men har ikkje svart endå.

– Når politikarane deltek i gjesteredaktørarbeidet og presenterer artiklar om alt frå sogespel i heimkommunen og spælsau via politiske heltar og favorittartistar til hovudavtalen og aktiv dødshjelp er dei med på å gjere det synleg for alle at nynorsk er eit språk til alt for alle, seier redaktøren.

I samarbeid med politikarane har Allkunne også finne nye måtar å presentere kunnskap på. Sveinung Rotevatn har utarbeidd ein quiz om Sogn og Fjordane, Fredric Bjørdal har fått laga ein om arbeidsliv og Jon Georg Dale kjem med ein kviss om landbruk.

Allkunne er eigd og drive av Nynorsk kultursentrum, har publisert over 23.000 artiklar om alle verdas emne og publiserer nye artiklar i leksikonet og på sosiale medium kvar dag.