Av Svein Nordal

Første gong publisert 26/2-14

– Eg trur pønken førte til at fleire tenkte «vi er gode nok», seier Yngve Sætre (51) frå Ørsta – kjend plateprodusent og tidlegare vokalist i Barbie Bones.

Karriera hans starta i 1979 på Volda gymnas, då han og nokre kompisar starta «Hard Rain», eit band som kombinerte danseopptredenar med å skrive eigne låtar.

– Men å ha base på Søre Sunnmøre og prøve å slå gjennom var heilt umuleg den gongen. Skulle vi spele eigne låtar, var det stort sett Distriktshøgskulen i Volda og den årlege Maurtuefestivalen på Volda samfunnshus som var arenaen, seier Sætre.

Høgdepunktet i det bandet si karriere var å bli vestlandsmeistrar i rock i Ålesund i 1981.

– Vi konkurrerte mot nokre dunjakkesossar frå Ålesund og pønkarar frå Molde. Vi var også vitne til slåstkamp mellom silkeramp og pønkarar, og stod sjølve litt forskremde borte i eit hjørne…

PRODUSENT: Yngve Sætre (nr tre frå venstre) har produsert plater for DumDum Boys, deLillos, Anne Grete Prøis og Lars Vaular, blant mange andre.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I 1983 flytta han og bandkompis Dag Igland til Bergen saman med eit par bjørkedølar, Knut Eilifsen og Per Arne Bjørkedal. Der danna dei Radio Rebel.

– Å vere rockar og kome frå bygda til byen var ikkje berre-berre den gongen. Dei ville jo ikkje ein gong skjøne kva vi sa, og musikkmiljøet i Bergen var relativt lukka. Trur ikkje dei ynskte konkurranse. No er jo dei fleste artistar i Oslo og Bergen innflyttarar, seier Sætre.

Bandet transformerte seinare til Monalisa Overdrive, og deretter slo kompisane frå Ørsta/Volda seg saman med Sveinung Igesund frå Fosnavåg. Barbie Bones var eit faktum rundt 1990, – det vart to plater, lansering internasjonalt, turnering i USA og Europa, og Spellemannspris.

– Plateselskapet hadde store vyer for kor langt vi kunne drive det, utan at det tok heilt av, så i 1993 gav vi oss på det, etter ein viss suksess i Norge og Italia. Vi selde like mykje der nede, og vart attkjende av ein mann i rullestol i Milano-domen, flirer Sætre, som seinare har produsert sju plater for DumDum Boys. Andre på produsenten si merittliste er Anne Grete Prøis, deLillos og rapparen Lars Vaular, berre for å nemne nokre.

Sætre har tru på ei stor framtid for artistar frå distrikts-Norge.

– Ja, teknologien gjer at vegen ut til «den store verda» kan vere svært kort no. Kostnadsnivået i storbyar gjer at det kanskje ikkje er ideelt å drive med vår verksemd i til dømes Bergen og Oslo. Slik sett kan det kanskje vere betre i Ørsta – kven veit – Ørsta kan bli den neste rockhovustaden i Norge, seier Sætre.

– Har du råd å kome med til unge artistar?

– Først og fremst må dei stå på og ha trua på seg sjølve, og dyrke fantasien. Det er kanskje den største utfordringa, med ein skule som er i verd med å bli ein slags teknokrat-fabrikk. Gjennom musikken kan ein dyrke kreativiteten, og prøve å lage si eiga favorittplate. Lage noko ingen har høyrt før. Og det beste ein sjølv nokon gong har høyrt….