Av Svein Nordal

Første gong publisert 18/12-13

Slik insisterer 72 år gamle Jogeir Gjerde frå Hareid – kanskje søre Sunnmøres eldste rockar. I alle fall er bandet hans. Five Beats, det lengstlevande bandet i distriktet. Gruppa starta i oktober 1963, og spelar framleis. Utanom Rolling Stones (starta våren 1962) er det få band som har levd lenger.

Dei første medlemmene var veslebror Atle Gjerde på rytmegitar, vokalist Charles Overå, bassist Roger Røyset og trommeslagar Asbjørn Brubakk.

– Dei var jo berre smågutar, medan eg tok til i bandet då eg kom heim igjen frå Austlandet hausten 1964. Då var eg allereie 23 år, og fekk streng beskjed heime om å passe på Atle då vi var på spelejobbar, ler Gjerde.

– Eit av dei tidlege åra spelte vi Shadows på eit forsamlingshus. Folk lo og leita etter bandspelaren, som dei trudde vi hadde skjult på scena. Dei trudde ikkje det var vi som spelte, seier Jogeir.

Five Beats har opp gjennom åra hatt mange spelejobbar rundt om på Sunnmøre, og har gjeve ut plata «Gutedraumar». I følgje Gjerde har dei ei ny på beddingen. Etter utskiftingar av medlemmer på slutten av 1960-talet, vart namnet Jude i nokre år, men tidleg på 1980-talet tok dei tilbake sitt gamle namn.

– Grunnen til at vi har halde på så lenge, er sjølvsagt at vi likar dette her. Nokre spelar golf. Vi spelar rock and roll, seier Gjerde.

Den syngande skipper

I Fosnavåg var «Love Experience» ei av dei første popgruppene som såg dagens lys. Atle Remøy – som no er kaptein om bord på «Sjøbris» var vokalist og rytmegitarist. Han er no medlem av «Hytt og Pine».

LOVE EXPERIENCE FRÅ FOSNAVÅG:
Eldar Voldsund, Per Odd Håheim, Atle Remøy og Arild Voldsund

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

– Eg meiner det var i 1966 vi starta. Før oss var det eit band her som heitte «Ghosts», men elles var det fint lite rock her på den tida. Seinare kom bandet «Mystery Train» til. Dei andre medlemmene var Per Odd Håheim, Eldar Voldsund, Gunnar Knotten og Arild Voldsund, og vi kunne også dra ein reinlender om det stod på, fortel Remøy, som fortel at bandet hadde reunion så seint som 31. august i år.

– Vi øvde i ei løe, og heldt det gåande til rundt 1970. Spelejobbar hadde vi både på ytre og indre søre, og på Fiskå og i Syvde. Eg hugsar ei nyttårsaft  vi skulle spele på Volda samfunnshus, og sidan ferja var innstilt, måtte vi leige ei snekke frå Eika, og bli frakta på lasteplanet av ein pickup til Volda. Vi heldt jo på å fryse aldeles forderva. Forresten: Det skal finnast eit lydband vi tok opp i 1969/70, som vi har leite fælt etter. Om det er nokon som har dette, blir vi svært glade om dei tek kontakt!

Alice

I Ulsteinvik var Alice mest aktive frå 1978 til 1983, i følgje gitarist Ståle Rasmussen.

ULSTEIN-BANDET ALICE  i 1979, f.v.: Eldar Vartdal, Rune Ertesvåg, Ståle Rasmussen, Ronny Jacobsen og Bjørn Barstad. Bandet gav ut plate med sjølvlaga songar på dialekt i 1980, og vart nekta på «Kanskje på norsktoppen» på grunn av tittelen «Hald kjeft når du snakka til mej». Alternativet «Etter midnatt» fekk NRK-godkjenning… Alice var proffar i to år, med spelejobbar frå Club7 i Oslo til samfunnshuset i Honningsvåg. Bandet fekk også skryt av Jahn Teigen etter å ha delteke på NM i rock, og heldt det gåande til midt på 1980-talet.

Bandet byrja tidleg å skrive låtar på sunnmørsk dialekt, og inspirerte blant andre Kyrre Grimstad i Sunnmøre Baarelag til å gjere det same. Charlie var også eit Ulstein-band som i mange år var aktive rundt på dansetilstellingar, og i seinare år samla Scottys Dreamteam mange av bandveteranane frå området.