Det nærmar seg studiestart 2017 og mange studentar er klar for sitt første studieår ved Høgskulen i Volda. Dei nye studentane vert tekne imot av 2. og 3. års studentar og studieåret startar med fadderveka.  Pom Poko opnar Fadderveka 2017, og med deira punk-attitude lovar dei en eksplosiv pakke på scena.

Pom Poko. Foto: Kristin Slotterøy

Eit av Norges aller beste liveband, Kakkmaddafakka, spelar i Fadderveka 17. august. Dei seiast å vere ein skjult hemmelegheit for musikkjournalistar. Bergensgruppa har fylt konsertlokal over heile verden i 10 år, og snart leverer dei på Rokken si scene i Volda.

Studentane får også moglegheit til å vere med på Trafikklysfest. Der går dei single i grønt,  gult er fargen for dei som er usikker på sin sivile status og dei opptekne kler seg i raudt.

I Fadderveka er der program for alle, uansett interesse. Studentar får vere med på fjelltur, grønsåpefotball, bootcamp, rebusløp og roleg aktivitet som å sjå ein film ved Høgskulen i Volda.