Ørsta er blant dei få utvalde av 150 kinoar i landet som får besøk av dei.

STORSLAGENT: Frå eit av showa på turneen.

Fredag 8. desember kjem dei for å møte fansen, og kanskje sjå litt av filmen saman med publikum. 

Det er på tide å seie adjø til Karpe Diems Montebello. Sidan november 2015 har det musikalske og visuelle prosjektet «Heisann Montebello» bydd på fantastiske låtar, ambisiøse musikkvideoar og storslagne liveshow – tre historiske og særs utselde konsertar i Oslo Spektrum, til dømes.

No er det klart for den store finalen på kinoar landet over. «Adjø Montebello» er ei reise gjennom Karpes innhaldsrike univers. Store musikalske opplevingar, velkjende karakterar og nye eventyr vevast saman i ein film ulikt noko anna du har sett, og det introduserast attpåtil heilt ny musikk.

Ørsta kino har sett opp to visningar av filmen, fredag og laurdag 8. og 9. desember.