Av Charlotte Karoline Kvistad

Det seier Ingunn Notøy, som er spelsekretær. Kong Arthurspelet er eit friluftsteater, og historia byggjer på livet på og kring Kongsvollen for 1500 år sidan. Førestillinga passer til familiar og personar i alle aldrar – med humor på fleire nivå. Kvart år er det like spennande med kva som skal skje, ifylgje Notøy.

–Eg anbefaler folk å kome til Kongsvollen på Sandsøya, eller Dollsøya, som den heitte på gamalnorsk. Kvart år har vi same handling i Kong Arthurspelet, men ei scene endrar seg kvar år. I scena tek vi føre oss dagsaktuelle hendingar, som kommunesamanslåing, sjukehusnedlegging i Volda, eller kongestatuen som skulle kome hit. Årets scene er sjølvsagt hemmeleg.

Lokale skodespelarar

Kong Arthurspelet starta i år 2000, som ei tusenårsmarkering i Sande kommune. I år vert spelet framført for trettande år sidan oppstart. Etter komande laurdag og søndag, er spelet vist 39. gongar! Alle skodespelarane er lokale og alle er amatørar, og instruktøren er særs dyktig.

–Noko som er særeige med oss, er at vi har mange ungar med. Seksåringane er sauer på garden og dei tykkjer det er stas å vere med. Vi har familiar med i spelet, både besteforeldre og barn. Fleire av skodespelarane har vore med sidan oppstart. Nokon starta som sau då dei var born, og no har dei hovudroller.

Det vil gå kontinuerleg hurtigbåt 12. og 13. august, frå Larsnes til Sandsøya. Det vert to utandørs førestillingar på laurdag og ei på søndag. Notøy oppmodar folk til å kle seg etter vêret, men ho legg til at det ofte er sol på Sandsøya under førestillingane – vêret er annleis der ute.

–Vi byr på utruleg god underhaldning og mykje latter. Det bruker alltid å vere mykje kjentfolk her. Kong Arthurspelet er ei oppleving som er verdt å få med seg, seier Ingunn Notøy.