Frode Grytten er ein av våre mest folkekjære forfattarar, og med «Albert & Anna» har han laga ei varm og vakker hyllest til livslang kjærleik.

Vi kjem tett inn på Albert og Anna, to eldre menneske, som har elska kvarandre gjennom eit langt liv. Historia omhandlar heilt vanlig kjærleik, den kjærleiken som ikkje blir sett av andre enn dei som deler han.

Som livspartnarar har Albert og Anna dyrka sin hage slik dei har dyrka kvarandre. Men no er Anna i ferd med å forsvinne, og når ho blir borte, er også Albert redd for å miste seg sjølv. I stykket treff dei igjen den unge Anna og den unge Albert. Humoristiske og varme tilbakeblikk skildrar samliv og samhald gjennom vekslande årstider.

Grytten fortel med dette ei sterk kjærleikshistorie. Han er elska for sine ærlige, morosame og attkjennelege forteljingar om vanlege menneske sine uvanlege liv, og står mellom anna bak suksessane «Bikubesong» og «Sånne som oss». Regien er ved Hildegun Riise og kjærleiken blir tonesett av Espen Leite, kjend for sin vakre tangomusikk.