Av: Svein Nordal

Første gong publisert 18/12-13

– Hehe, Ove fekk skikkeleg sladd på den gule Ford-varebilen, og vi dreiv på tverra mot Anders Hovden, avslører gitarist/vokalist Mads Ryste Trommeslagar «Gutte» Hovde skal i følgje Røv ha ropt: «Steik, såg dokke at han Anders hoppa på sokkelen?»

Beatles

Første rockeband-øvingane på søre Sunnmøre fann altså stad i 1963 i bestestova og på verandaen på Mass-garden i Hovdebygda, farsgarden til Mads Ryste. Nokre Beatles-frelste gutungar hadde bestemt seg for å gå i fotefara til idola.

– Vi fekk klage frå andre sida av fjorden. Dei ringde far min og meinte lyden frå bandet vårt hadde slått opp i fjellsida ovafor, minnest Mads Ryste.

– Indremisjonsfolket kom og ringde på hos foreldra våre, og gav dei klar beskjed: «Sønene dykkar er på den strake vegen mot helvete!». Heldigvis hadde vi tolerante foreldre, seier Røv.

Tausene likte det …

– Dette er jo femti år sidan. Fekk de juling av meir konservative og kortklipte gutungar?

– Hehe, nei, ikkje som eg kan hugse. Håret vårt grodde «ta pinå», og tausene likte det i alle fall godt, seier Røv.

PROSTATA ROCK: Mads Ryste og Ove Røv i dag. – Ekte «prostata-rock», flirer Ove.

Den harde kjernen i bandet bestod av Røv, Ryste, Jostein Fagerhol og «Gutte» Hovde, med ei rekkje andre medlemmer – og bandet heldt på heilt fram til 1990-talet. Med ulike namn, som blant mange andre «Puzzle», «Power of Flotation» og «Snoopy».

Mads Ryste – seinare Hovderevy-skrivar og far til Thomas (Kjell Kjellen Bigset) Ryste – er sjeleglad han fekk denne tida med gode bandkompisar:

– Ja, etter at du ringde oss, har vi så smått byrja å planleggje reunion med førsteutgåva av bandet! Steik! – det skal bli moro!

An mass, seier Mads

Seier Mads, som no når han sit godt og varmt med glede minnest kveldane då han og bandet – og utstyret – snøa nede på Lauvstad i påvente av sjåføren som skulle hente dei til dansen på ungdomshuset på Fiskå. Som – til liks med bandkollega Røv er hjartans samd med Scotty og Baarelag-Kyrre i at trubadurhelvetet tok knekken på mange band. Og som framleis brenn for Beatles, Stones og Hollies – som trommis «Gutte» overtydde han om song endå betre enn Beatles.

– Men herregud – vi selde oss for å få spelejobbar! Spelte «Frøken Fräken» i staden for Stones. Svensktoppar an mass, seier Mads frå Massgarden.

– Og no vert det reunion med eit av søre Sunnmøres første rockeband?

– Ja!  Seier Mads.

– Ja!!!  Seier Ove.

Så dermed har vi alle ei kulturhending av dei store å glede oss til.