12 år etter at dei la inn årane er dei endeleg klar for nokre få eksklusive festivalkonsertar. Gjennom fem plater og eit knippe singlar og EP-ar regjerte Gluecifer den skandinaviske hardrockbølga frå midten av 90-talet fram til dei ga seg i 2005. Saman med band som «The Hellacopters» og «Turboneger» definerte dei den svært vitale Scandirock-scena, som på mange måtar la grunnlaget for ein sterk og særeigen kultur av rockfrelste menneske over heile landet.

Gluecifer var med å gje rocken ei populærkulturell gjennomslagskraft i heimlandet. Med «Automatic Thrill» frå 2004 sette dei på meisterleg vis eit førebels karrierepunktum og bandet sine monumentale låtar herja både radio- og salslistene.

Gluecifer er kjent som eit fenomenalt liveband, og for dei som var heldige å oppleve dei har dei sett djupe spor. Gluecifer har inspirert veldig mange band og har gjennom hundrevis av konsertar vore faneberarar for moderne norsk rock.