Bandet med medlemmer frå Volda og Ørsta samarbeider med Christian Gard om å arrangere dans i Ørsta kulturhus 29. desember.

«Vi vil dele ut dansbare julepakkar i form av dei største hitsa frå tiåret som hadde den beste musikken. Vi snakkar sjølvsagt om 80-talet», skriv bandet i ei pressemelding.

På repertoaret har Broad Line låtar av m.a. Whitney Houston, A-ha, Chicago og Tina Turner, og bandet prøvar å presentere låtane så likt originalen som mogleg

Vokalistar i Broad Line er Knut Eilefsen og Guro Håvik. Dei andre i bandet er Bottolf Lødemel (tangentar), Anders Boska (tangentar), Frode Sundnes (trommer), Lars Inge Bjørneset (bass) og Fred Igland (gitar).