Av Svein Nordal

Det har siste åra blitt tradisjon at Ørsta IL Fotballgruppa arrangerer sin årlige fest med Vassendgutane.

Også i år vert det familiekonsert med Vassendgutane på ettermiddagen, og inntektene går til fotballgruppa sitt arbeid med unge fotballtalent.

Rune

På kveldskonserten har Vassendgutane hyra inn Rune Rudberg Band som oppvarmingsband. Rune Rudberg Band er som Vassendgutane eit av dei mestspelande band i festcountry-segmentet, og turnerer landet rundt heile året.

Rune Rudberg-band

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I år deltok Rudberg Band i den norske Grand Prix finalen, og publikum vil heilt sikkert få høyre den denne songen og ei rekkje andre Rudberg-hits.

LIZZ

Før Vassendgutane entrar scena, vil publikum få å oppleve ein liten konsert med LIZZ Band.

Lisabeth Brekke Sylthe

Lisabeth Brekke Sylthe er frå Kvamsøya og skriv sin eigen musikk . Hennar tre første singlar har herja listene på Spotify, og fått særs gode kritikkar. På scena har ho med seg nokre av dei mest røynde musikarane frå fylket: Robert Lien på trommer, Ørjan Liavåg på gitar, og Arne Moe på bass.

Lisabeth sjølv spelar gitar og syng.

Hektisk

Laurdagskvelden avsluttast med Vassendgutane-konsert, og då får publikum blant anna høyre deira to nye låtar , «Køyr mej heimatt» av Sindre Aam/Frank Willy Utgård og «Hjertestartar og statoilkopp» av Arthur Johan Bjørdal/Bjørn Dalene.

Låtane kjem ut på spotify 2. juni, men får altså urpremiere i Kiwihallen laurdag.

Vassendgutane har det travelt etter å ha halde det gåande i snart 21 år. 2017 ligg an til å bli det mest hektiske turneåret så langt i bandet si historie. Pågangen har vore så stor at manager Alf Aarseth har måtta takke nei til ei rekkje førespurnader.