«Den stille flokken» er tittelen på den nyaste krimromanen til festspeldiktar Lars Mæhle. Boka kom ut i vår, og delar av handlinga er lagt til Svanviken arbeidskoloni på Nordmøre. Der blei norske taterfamiliar internerte for å lære seg «den bufaste kulturen», som styresmaktene kalla det, med trugsmål om at borna ville bli tekne frå dei om dei ikkje var lydige.

– Svanviken låg ikkje langt frå Sunndal der eg voks opp, og var i drift fram til 1989. Likevel hadde eg inga aning om kva som skjedde der, fortel Mæhle.

Aina Basso er utdanna historikar. Ho har brukt taterane si historie som grunnlag for to romanar, «Fange 59. Taterpige» og «Finne Ly». Begge handlar om konfliktar som oppstår i møte mellom kulturen til dei reisande og fastbuande nordmenn.

Samtaleleiar er folkloristen og forfattaren Thor Gotaas. Han har studert og mellom anna skrive fleire bøker om taterar og «loffarar», og om korleis haldningane til dei har endra seg over tid.