Det skriv Seljecup 2017  i ei pressemelding, og legg til at forventningar og tidlegare suksess utfordrar dei til å prøve å gjenskape cupopplevingane år etter år. Cupen legg opp til eit rikhaldig program også utanom kampane, med arrangement og mange aktivitetar, mellom anna hoppeslott, 3ar minibane, grillselskap, cupdiskotek og lagleiartreff. Det er også venta at den flotte klatreparken ved stadion vert flittig nytta i helga, og vi håpar sjølvsagt på godt vèr så Seljesanden kan nyttast.

Påmeldinga til årets cup har vore god. Det deltek i overkant av 135 lag med omlag 11-1200 spelarar på årets cup frå 33 klubbar, og nærare 200 personar hjelp til i samband med cupen.

–Det er svært gledeleg at klubbane kjem tilbake til Seljecup år etter år. Kjekt er det også i år å kunne ynskje nokre nye klubbar velkomne til årets fotballfest, seier turneringsleiar Atle Solheim.

Arrangøren håpar på ein cup med mykje flott fotball, vennskap og glede, og at alle hjelp kvarandre til Fair Play både på og utanfor bana. Selje IL er ein klubb med stort fokus på FairPlay, og vart både i 2012, 2013 og 2015 heidra som ”Årets FairPlay-klubb” i Sogn og Fjordane. Seljecup skal også i år bere preg av FairPlay.

–Selje er vel verdt eit besøk denne helga. Kom og opplev cupstemninga og bli med på årets folkefest i Selje. Vi håpar at alle får eit triveleg opphald, og mange gode minne å ta med seg frå årets cup. Vi lovar å gjere vårt beste for at Seljecup skal bli ein ny suksess, seier turneringsleiar Atle Solheim for Seljecup.