Kostymelageret til Opera Nordfjord er fullt av alle slags kostyme frå forskjellige tidsepokar, men 1950-talet har førebels vore dårleg representert. Heilt fram til for eit par veker sidan, då dei frivillige sydamene saman med kostymedesignarar Åse Hegrenes, Sunniva Bodvin og tilskjerar Anne Gotaas sette i gong med det omfattande arbeidet med årets operaproduksjon, Sildagapet. No er det småblomstra kjolar, swingskjørt, kofter, heimestrikka gensarar, gammalt oljehyre og islendarar som gjeld. Gamle plagg frå kjellar, loft og bruktbutikkar har funne vegen til kostymelageret og er merka med namna til solistar, koristar og dansarar.

I første akt vert det Snurpedans frå Turnhallen i Måløy, og då skal ein gjenskape den magiske stemninga frå sildetida, med ung kjærleik, rivalisering, misunning, sjalusi og fest på lokalet! Felespelar Arne Sølvberg frå Blakset, som til dagleg er sauebonde og elles er styremedlem i Opera Nordfjord, har fått den treffande rolla som spelemann i operaen og vert ein av musikarane som skal lage dansestemning i Turnhallen.

Scenografien, som består i eit båtdekk i eit maritimt hamnemiljø, er under produksjon av lokale snikkarar i dugnadsapparatet, og ein reknar med ein god del lokale rekvisitt-tilskot frå naust langs Nordfjorden. Om nokon har spennande reiskap, lykter og andre gjenstandar frå sildefisket, er vi på operakontoret takksame for alle bidrag. Det er allereie tinga eit lass med sildekasser frå Hyen!

Korøvingane er godt i gong og har pause no i ferien, men det er framleis plass til fleire menn i koret, både tenorar og bassar. Om nokre av lesarane kan tenke seg å debutere som operakorist til hausten, er det berre å melde seg til operasjef Kari Standal Pavelich.

Speleperiode er 04. – 15. oktober.