Journalisten Anne Gunn Halvorsen er ikkje den einaste som har ønskt seg ei brukarrettleiing for livet. Til forskjell frå dei fleste gjorde ho noko med det. Halvorsen sette av eit år til å finne svara ho var ute etter, og resultatet blei boka Livet og korleis leve det, som kom ut tidlegare i år.

–Eg såg at eg hadde skaffa meg ansvar for mykje som eg kunne lite om, seier ho. Ho trur at mange kjenner det på same måten, spesielt i hennar eiga aldersgruppe, 30-40-åringane.

–Brått oppdagar du at du har mykje å miste, og då blir du redd, særleg om du ikkje er van med å miste noko, som er situasjonen for mange i Noreg. Eg høyrde ein gong medisinprofessoren Ingvard Wilhelmsen seie at det er vanleg at folk utviklar helseangst når dei får barn. Då blir det brått svært viktig å ikkje døy.

I Salen i Ivar Aasen-tunet samtalar Halvorsen om boka med journalist Heidi Fagna. Etter samtalen blir scena teken over av «pønkens gudmor» Patti Smith, eller rettare sagt av orda hennar. Artisten og songskrivaren Kari Harneshaug har bak seg fleire plater med eigen musikk, men har også fordjupa seg i tekstane til Patti Smith. Saman med gitarist Karl Gøsta Klaseie har ho laga nye tolkingar av Smith sine songar på nynorsk. Tekstane er omsette av Agnes Ravatn, Ragnar Hovland og Brit Bildøen. Bildøen har også omsett to bøker av Smith til nynorsk, og vil lese smakebitar frå livet hennar denne ettermiddagen.