Artistane Sigrid, Madcon og Cezinando kjem for å lage eit spektakulært show for bygda, tilsette og andre inviterte.

Les også: Ein vital 100-åring

Ulstein Group har 100-årsjubileum i år, og feirar med eit storstilt arrangement 2. september i dokkhallen på Ulstein Verft. Jubileumsfesten er open for alle som har sikra seg billett.
Til jubileumsfesten har Ulstein gjort avtale med fleire artistar, både lokale og internasjonale. Artistane Sigrid, Madcon og Cezinando vil stå for musikalske opplevingar, og saman med Ulstein mannskor, Bendik Hustadnes, Webjørn Sæther og konferansier Thomas Numme vil det verte eit forrykande og underhaldande show i dokkhallen.

RIGGAR TIL I HALLEN: Lyd og Lyspartner Live AS er i gang med å rigge til i Ulstein sin gedigne dokkhall, før storinnrykket og gratiskonserten laurdag. Foto: Lyd og Lyspartner Live AS

Sigrid

Sigrid kjem frå Ålesund, og songen hennar «Don’t kill my vibe» figurerer på spelelistene over heile verda. Ho er ein artist som vi kjem til å høyre mykje meir frå i åra som kjem.

Sigrid. Pressefoto

Madcon

Duoen Madcon, med Tshawe og Yosef, er ei rappegruppe som starta opp i 1992. Om ikkje før, så fekk dei fleste fekk opp augene for desse artistane under Melodi Grand Prix på Telenor Arena i 2010, då dei stod for pausenummeret «Glow».

Cezinando

Cezinando kjem, ein artist mange trur dei ikkje har høyrt om, før dei høyrer songane hans, som vert spelte heile tida i alle kanalar. Ein av desse er låta «Håper du har plass». Tekstane er norske, og Cezinando vart kåra til årets nykomar i 2016.

Cezinando. Foto: Christian Zervos

Ulstein Mannskor – Webjørn Sæther – Bendik Hustadnes

Ulstein mannskor, trommespelaren Bendik Hustadnes og saksofonisten Webjørn Sæther tek også turen til Ulstein. Webjørn har master i komposisjon, og spelte eit spesialkomponert stykke ved opninga av dokkhallen i 2002, medan mannskoret sitt innslag vil gi ein atterklang om tider som var. Bendik frå Volda har mellom anna delteke på Norske Talenter.

Thomas Numme

Konserten vert supplert med film og andre effektar, og det heile vert losa i hamn av programleiar Thomas Numme, kjend frå «Senkveld med Thomas og Harald» på TV2. Arrangementet vert gjennomført i samarbeid med Momentium.

KONFERANSIER: Thomas Numme