Av Svein Nordal

Bjørn-Marius er låtskrivar, songar og frontfigur i Ørsta-bandet Rotlaus, som i år er booka til heile sytti konsertar frå Troms i nord til Agder i sør. Dei går dermed kollegaene i Vassendgutane ein høg gang.

Sjå video: 

– Som 19-åring vart eg trommeslagar i Vassendgutane, og levde turnelivet saman med dei frå 2008 til 2013. Dei lærte meg mykje, og det var jo overveldande å oppleve responsen frå tusen publikummarar på konsertane, seier Øyehaug.

– Men etter kvart fekk eg lyst til å leve eit meir normalt liv, med ordinær jobb, kone, barn, hus – ja, kanskje til og med stasjonsvogn!

Her kan du lese om opp- og nedturar for dei mange banda som har eksistert i regionen:

Knuste ryggen

Våren 2015 var Bjørn-Marius godt i gang med å skaffe seg dette meir normale livet: Han hadde hus og sambuar, og jobba som langtransportsjåfør. Så kom 8. mai 2015. Han stod på kassa på traileren, fem meter over asfalten, og i samarbeid med ein truckførar heldt han på å laste om bord tretten meter lange og 800 kilo tunge rør.

– Då var det at truckføraren gjorde ein feil, som førte til at eg ramla fem meter rett ned i asfalten, og fekk også delvis eit rør over meg. Eg nærast knuste ryggen, og kunne jo ha mista livet momentant. På sjukehuset i Telemark var meldinga frå legane svært lite oppløftande: Dei merka absolutt ingen bevegelse nedanfor livet. Eg hadde heller ingen følelse i beina…

I nesten ei veke var tilstanden slik.

Mista alt

– Det er vel unødvendig å seie at eg såg svært mørkt på framtida dei dagane der. Heldigvis viste det seg at lamminga ikkje vart permanent, sjølv om det gjekk ein heil månad før eg makta å gjere noko anna enn å liggje rett ut. Men eg vart sakte, men sikkert betre og trente meg opp.

Likevel var den tidlegare Vassendgut-trommeslagaren langt nede.

2015 var året då han mista det meste: Forholdet til sambuaren tok slutt, han måtte selje huset, og skadane etter ulykka førte til at han måtte gje opp sjåfør-yrket.

Ny musikk

– I denne perioden var det at eg byrja å skrive tekstar om livet mitt. Kun om sjølvopplevde ting. Sette melodi til. Ein kompis, Levi Andre Leite, og eg byrja å teste ut songane litt, før vi opptrådte som trio på arrangementet «Musikk i sentrum» nokre månader etter ulykka. Pluss at eg spelte så smått saman med Sivert Bjørdal.

Trioen frå utekonserten «Musikk i sentrum» danna grunnlaget for bandet Rotlaus, som i dag består av Bjørn-Marius Øyehaug (vokal og gitar), Simen Bjørdal (trommer), Bendik Mork Folkestad (bass), Simen M. Rebbestad (gitar, fele, trekkspel og vokal) og Vegard Hansen (trekkspel).

«Utruleg heldige»

I fjor gav dei ut sitt første album «Bygderamp», og låtane på plata har hittil fått heile femten millionar avspelingar  på Spotify. Tre singlar har kome etter det, og dei når snart gullplate – det vil seie to millionar avspelingar per song. Alle songar vert framførte på Ørsta-dialekt.

– Vi har vore utruleg heldige, sidan folk likar det vi gjer, arrangørar bookar oss, og folk kjem på konsertane. Kva som gjer det, veit eg ikkje – men det er jo ein fordel å like det vi gjer sjølve. Og håpe at andre gjer det også…

Rotlaus frå Ørsta

Øyehaug karakteriserer første plata som eit musikalsk hagleskot – det vil seie at dei toucha innom fleire stilartar.

– Etter kvart vert vi jo påverka av det vi merkar folk vil ha, så neste plate vert truleg litt meir samla stilmessig.

Ikkje fest-køntri

– Er Rotlaus Ørsta sitt nye, store festkøntri-band?

– Nei nei nei! Det er Vassendgutane sin sjanger. Vi også spelar jo festmusikk, men det er meir poprock med litt country innblanda i det. Og så skriv vi heilt andre typer tekstar enn Vassendgutane. Som vi for øvrig har eit svært godt forhold til.

– Konkurrerer de om det same publikummet?

– Eg kjenner att ein del av ansikta blant publikum frå tida mi i Vassendgutane. Men eg har inntrykk av at vi har eit litt yngre publikum, seier Øyehaug, som med sine 29 år er eldstemann i bandet. Yngst er bassist Bendik på 22.

Turneklare

Bandet har no si fulle hyre med å pusse ned og restaurere bandbussen, ein Volvo B12 kombibuss (varerute og buss), som tidlegare har gjort teneste for NRK, blant anna under vinter-olympiader.

– Faktisk er det same type buss som Vassendgutane har – men vår er 2006-modell, og dermed eitt år nyare enn Vassendgut-bussen. Men deira buss har rett nok litt fleire hjul…

Bussen må vere turneklar til turen «Rundt neste sving», som tek til 24. mai i Førde. Her i distriktet skal bandet halde utandørskonsert på Sæbø 3. juni. Seinare vert det konsertar på båtfestivalen og terminalen i Ålesund. Og inn mellom alle konsertane spelar dei inn stadig nytt materiale på Audiofarm studio i Åmdalen. Singlar kjem på nett med jamne mellomrom, og neste år kjem album nummer to.

– Er det musikk du kjem til å satse på framover?

– Etter ulykka har eg jo ikkje noko val…! Trailersjåfør kan eg i alle fall ikkje vere. Og det er musikk og turnelivet eg kan.