I sentrum står gode låtar, fleirstemt song og bruken av akustiske instrument som gitar, mandolin, fele, piano, trommer/perkusjon og kontrabass.

Om ein blandar musikksjangrar som folk, country, blues, bluegrass, r&b og rock blir det ein miks som i opphavslandet USA gjerne vert kalla Americana. I ein slik amalgam av ulike musikkformer har lokale musikarar funne tonen i Bakarbandet.

OldPlay vart starta i 2015, med ei besetning beståande av  godt vaksne karar med humør, speleglede og sceneerfaring. Nokre av medlemmane i OldPlay har bakgrunn frå danseband som Charlie og Galaxy Band heilt tilbake til 80-talet, medan andre har sin bakgrunn frå andre musikkonstellasjonar.

Bandet spreier glede med eit repertoar som strekkjer seg frå 70-talet og fram til i dag. Dette er musikk som ristar i dansefoten til både ungdom og godt vaksne. Bandet spelar pop og rock, og er inspirert av artistar som mellom andre:  TOTO, Eagles, Bryan Adams, Procol Harum, Christopher Cross, Henning Kvitnes og DumDum Boys.

Besetninga i Bakarbandet:
Ståle Rasmussen- Gitar, mandolin, vokal
Eileen Hareide Brandal – Vokal
Leiv Arne Nydal – Fele
Øyvin Sønnesyn – Gitar, banjo, vokal
Terje Høydal – Gitar
Ole Kristensen – Gitar
Tore Roppen – Piano, Keyboard
Bertil Tødenes – Trommer, perkusjon
Øystein Djupvik – Kontrabass, vokal

Besetninga i OldPlay:
Tomas Håndlykken – Vokal og gitar ( og yngstemann i gjengen )
Herman Klungsøyr – Gitar
Magne Grimstad – Bass og vokal
Bjarte Hauge – Tangentinstrument og vokal
Paul-Sindre Tarberg – Percussion, munnspel og vokal
Ronny Håndlykken – Tromme og vokal