Det vert sal av mat og lodd og underhaldning ved Mikkel og Marius Riise. Grendelaget har tru på godt vér, men idrettslagsteltet er reservert, så om det skulle kome ei regnbyge eller to vil publikum kunne sitte tørt likevel.

Sæbø grendelag er eit aktivt lag som arbeider for trivsel for fastbuande og tilreisande. Dei står bak store prosjekt som grindløde i fonnvernet og området i Kapteinkvia med grill og nytt toalettbygg. Dei organiserer ryddedugnader i Sæbø sentrum og på badestranda og rydding av skog i fonnvernet.

Grendelaget har utgifter til drift og vedlikehald og arbeider no med å få til lys langs vegen opp til Hjertebenken.

På festen laurdag vert det sal av mat og lodd til inntekt for grendelaget.

Mikkel og Marius Riise vil spele, men om du har ein artist i magen er det god plass til meir underhaldning. Diktlesing, song, musikk, tryllekunster, skrøner, historier… Ta kontakt med Øyvind Taklo.

Støtt opp om Sæbø grendelag og ta med deg familie, venner og kjende til mat og triveleg prat.