I år vert det fullt program begge stadene, men i Kunsthuset vert det i tillegg ei festleg ramme med mat og drikke.

I Ørsta kyrkje framførast utdrag av Gabriel Faure: Requiem, og elles sommarlege tonar i ulike konstellasjonar. Ragnhild Engeset  og Ketil Grøtting vekslar på å akkompagnere og dirigere, Ketil vil også synge.

Programmet i Kunsthuset vert prega av temaet sommar, som til dømes Sommar i Tyrol, musikalstoff og folketonar.