Søndag 3. september arrangerer Ivar Aasen-tunet soppdag med soppkontroll.

I marka ovanfor Aasen-tunet finn ein soppar av mange slag, men dei aller fleste av oss treng eit blikk frå erfarne soppsakkunnige før vi legg skogens mat i gryta. Søndag vil Osvald Grande frå Nyttevekstforeningen i Ålesund vere til stades i Aasen-tunet for soppkontroll og gi råd og tips til dei som ønsker.

– Vi vonar mange vil nytte høvet til å kome seg ut og plukke sikker matsopp, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan i Aasen-tunet.

Svoltne soppsamlarar kan også nyte ein eigen haustmeny med sopp i kafeen, til dømes ei krema soppsuppe og kyllingbryst med skogsoppsaus.

Soppdagen er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet og Nyttevekstforeningen i Ålesund og det er syttande året dette skjer.