Alle lag i barnefotballen vert invitert. Det er tredje året på rad Hareid IL arrangerer denne aktuelle fotballcupen. Påmeldinga har stege kvart år. Heile 76 lag var påmelde i fjor, omlaga 700 ungar som deltok.

Hareid IL disponerer både full grasbane og full kunstgrasbane. Totalt blir det minst fem kampar samstundes på dei to banene. Alle laga som deltek i turneringa får spele minst tre kampar.

11- og 12-åringane spelar sjuarfotball, medan dei mellom sju og ti år spelar femmarfotball. Det vert lagt opp til andre sosiale aktivitetar i tillegg til sjølve fotballkampane.

Det vert aktivitetar i Hareidhallen der ein mellom anna kan ta ferdigheitsmerket, bruskassestabling og andre aktivitetar på området rundt banene. Tare har også varsla at han kjem på besøk.

Hareid IL fotball har fokus på at det som blir seld i kiosken er sunt og godt.