Lindis Utgård og Erland Dalen

Det er Norges Korforbund Sunnmøre som inviterer songglade sunnmøringar til å vere med i det som blir eit stort ABBA-kor. Koret skal saman med solistar og band synge kjende songar av den svenske popgruppa. Det heile skal resultere i fem konsertar som går av stabelen 21. til 29. april 2018.
– Vi håpar å få med minst 100 songarar i koret, gjerne fleire, fortel Lindis Utgård i Musikkutvalget i NK Sunnmøre.
– Vi ønskjer unge songarar, «mannen i gata» og songarar i alle aldrar. Vi veit at det er mange som har lyst til å synge, men som ikkje tørr eller har mulegheit til å vere med fast i eit kor. Då er dette prosjektet perfekt, seier Utgård, som oppmodar alle til å gå inn på Facebook og NK sine heimesider for å melde seg på.
Det er lagt opp til fire øvingshelgar med oppstart 8. og 9. september 2017. Øvingane vil bli lagt til dei ulike konsertstadene.
Musikalsk leiar for prosjektet blir Erland Dalen. Han har ei lang merittliste når det gjeld denne typen framsyningar, og har gjort ABBA-prosjekt fleire stader i landet.