Nå er det også klart at det hemmelege jurymedlemmet er Mariann Thomassen, kjent frå Surferosa.

– Det er viktig å utstråle lidenskap og stoltheit og samtidig kunne engasjere publikum i framførelsen, dog trengs det ikke å være pop, det kan like gjerne vere ei rolig ballade som rock, fortel Steffen Andersen, ledar av Veka 2018. Konkurransa blir haldt under Bygdesus i Volda torsdag 14. september 2017. Ein kan delta ved å sende inn film, lydklipp, Soundcloud-link eller YouTube-link og liknande til booking@rokken.no innan 11. august 2017. Juryen vil bestå av Åge Staurset, Ingelin Storstein Hole, Kristina Juul Jørgensen og Mariann Thomassen, kjent frå Surferosa.

– Vi ser etter eit band eller ein artist som viser sjølvstendighet, dyktighet både musikalsk og i formidling. Vi vil også sjå etter eit band eller ein artist som kan bidra til å gjer festivalen enda meir variert og samtidig vere prikken over i’en i programmet vårt for veka 2018. Det er viktig for oss å få unge, lovande artister opp og fram – og dette er ei unik moglegheit, fortel Ingelin Storstein Hole og Kristina Juul Jørgensen som skal vere en del av juryen.