Grimstadkoret har og ei avdeling.

Svartehavets Don Kosakk kor, ein sidegrein av det profesjonelle radiokoret i den bulgarske hovedstaden Sofia, har i 30 år vist den russiske kulturens mangfald for sine entusiastiske tilhøyrarar i kyrkjer og konsertsalar over heile Europa.

Før kvar turné blir ein oktett handplukka av koret sine 25 medlemmer, alle skolerte i bulgarske og russiske musikkonservatorier, og desse einestående solistane blir samanfletta til eit einskapleg og totalt fengslande ensemble.

Enorm volum og overlegen teknikk gir deira sang stort uttrykk med mange nyansar og ein svært spesiell klang: djupaste bassar i harmoni med krystallklare tenorar.

Disse ortodokse hymnene og slaviske melodiane blir også eit ekumenisk symbol: som ambassadørar for sitt fjerne heimland, lukkast Svartehavets Don Kosakk Kor å gjere tradisjonell russisk musikk nytbar og tilgjengeleg for vesteuropeiske tilhøyrarar.