Sykkelrittet som går rundt «Hovda» startar på Eidsåvoll på Eidså og går deretter mot Fiskå, Nordstranda, Hakallestranda, Åram, Sørebrandal, Kopparnes og inn mot Eidså og mål på Eidsåvoll.

Rittet er eit 45 kilometer langt landevegsritt som går på relativt lite trafikkerte vegar. Det vert både mosjonistklasse og rittklasse, og det vert premie til beste mann/kvinne i rittklassa, og uttrekkspremie i mosjonsklassa.

Tidsmessig vil ein bruke frå om lag 1 time og ti minutt (rittklassa) til om lag 2-2.5 time på turen, og all sykling er på eige ansvar.

Grendalaget arrangerer eit sykkelritt for dei minste (0 til 12 år) på løpebana på Eidsåvoll medan rittet på går.

Det er ei naturskjønn og flott løype som ein vil ha glede av å sykle. Ein får oppleve dalføre over Eide mot Fiskå, før ein syklar langs Vanylvsfjorden med utsikt mot Stadlandet og Vanylvsgapet. På Hakallestranda får ein sjå øyane, holmar og skjær og Nordsjøen rett ut. Ein passerer Hakallegarden, rundar Åram og får igjen fjordlandskap langs Hallefjorden mot Sørbrandal der ein lengst inn skimtar Sunnmørsalpane. Når ein rundar Kopparneset, syklar ein lags Syvdefjorden med dei majestetiske Breiteigsfjella på andre sida inn mot Eidså og innspurt mot Eidsåvoll.