Søndag 17. september vil dei gjerne ha med alt som kan krype og gå av syvdingar og andre vanylvingar, ungar, vaksne og gamle, skriv dei i ei pressemelding. Ein møtast på Lundagjerde, korpset speler og turen går fram til vatnet. Her blir det bålbrenning, grilling, speling og fisking. Dei som vil kan gå vidare til Lisjeblæja.

I følgje bygdeboka er Lisjerøfsdalen perla i Syvden, Jolehornet og Lisjerøfsdalsnipa gjer det lunt når det bles nede i bygda. Av kulturminne kjem ein forbi Innste Lundahaugen, som etter gamal tru var der huldra budde og vart kalla Huldrehaugen i daglegtale. I Lisjerøfsdalen har Syvde idrettslag ein fjellpost, og den er plassert ved murane til «Urhellom». Her sto ei hytte som vart oppført under andre verdskrig. Hytta vart seinare sprengd i lufta med store mengder dynamitt.

Korps med mange påfunn

Turen er den siste av tre som korpset har arrangert i prosjektet «Korps i friluft», der dei vart trekte ut av Norges Musikkorpsforbund til å delta, i lag med fjorten andre korps i fylket. Første tur gjekk langs Saurdalsvatnet under Kosterikjedagane, og den andre turen gjekk over Høgeheida.

Syvdekorpset har etter kvart vorte kjend for å tilby publikum og musikantar noko nytt, samstundes som ein held tradisjonane i korpset og bygda i hevd. Tidlegare har det vore tombola i sola utanfor Coop eller samba og kostymekledt korps på Samfunnshuset. I 2017 vil dei mosjonere publikum i lokalmiljøet.