«Albert & Anna» er skriven av forfattar Frode Grytten, og er ein varm og vakker hyllest til livslang kjærleik. I stykket kjem ein tett inn på Albert og Anna, to eldre menneske, som har elska kvarandre gjennom eit langt liv. Albert & Anna er historia om heilt vanlig kjærleik, den kjærleiken som ikkje blir sett av andre enn dei som deler han.

Som livspartnarar har Albert og Anna dyrka sin hage slik dei har dyrka kvarandre. Men no er Anna i ferd med å forsvinne, og når ho blir borte, er også Albert redd for å miste seg sjølv. I stykket treff dei igjen den unge Anna og den unge Albert. Humoristiske og varme tilbakeblikk skildrar samliv og samhald gjennom vekslande årstider.

​​På scena finn ein Kari Simonsen, Stine Robin Berg Hansen, Sverre Bentzen, Kristoffer Sagmo Aalberg og Espen Leite. Regi: Hildegun Riise.