–Her kan du kome å teste bilen din og deg sjølv på lukka vei, og alle bilmerker kan delta.

Det er ingen andre i området som arrangerer Street Legal Race i denne størrelsen, derfor håper vi at mange vil stille opp og ha det gøy, fortel Inge Olav Hovdenakk frå Amcar-klubben.

140 meter lang veg

Amcar Ørsta/Volda har kjøpt inn eit profesjonelt tidtaking- system som målar reaksjontid på startstreken, 60fot-tid, totaltid frå start til mål, og fart over målstreken. Veien som blir brukt er breid nok til at ein kan køyre to og to, og ein skal køyre ei lengd på 140 meter.

–Vi syns det er veldig kjekt å kunne arrangere Street Legal Race på «Grepa Raceway» som vi kallar plassen, fordi her er ingen baner i området som er store nok til at det kan bli arrangert drag-race i denne størrelsen, forklarar Hovdenakk.

Brente dekk toppar finala

–Etter finala vert det «Burnout show», so her vert det garantert brent dekk og lokal tåke! Lovar Hovdenakk.

Etter burnout-showet er depotet ope slik at publikum kan sjå på bilane, og det skal delast ut premie til 1, 2 og 3-plass, samt til beste «Burnout». Dagen startar med påmelding og teknisk kontroll i samsvar med Street Legal reglementet, og alle bilar må være godkjent med skilt, ha 3-punkt sikkerheitsbelte og førarane skal bruke hjelm. Om kvelden inviterer arrangøren til Hotel Ivar Aasen i Ørsta, der trubadur Torbjørn Gran spelar opp til dans.