Av Svein Nordal

Første gong publisert 18/12-13

Berre nokre få er nemnde – berre i Ørsta/Volda har Svein Hunnes registrert over hundre band. Opplysningane frå Ørsta/Volda er henta frå eit registreringsarbeid Hunnes – som er bassist i Bokkereidars Blues Band – har gjort.

  • Stag Hounds: Pop-pionerar frå Hovdebygda, starta i kjølvatnet av Beatles i 1963, og øvde først i stova og på verandaen på «Mass-garden». Medlemmer var blant andre Mads Ryste, Ove Røv, «Gutte» Hovde og Jostein Fagerhol. Variantar av bandet, og med ei rekkje bandnamn, materialiserte seg heilt fram til 1990-talet.

Les også: Pionerane  

  • Wheels: Heldt det gåande frå 1971 til 1982, øvde på Idavollen i Ørsta, og spelte til dans rundt heile distriktet. Medlemmer var Paul Mork, Snorre Skogen, Oddbjørn Welle og Lars Olav Ose, og bandet heitte på 1960-talet «Paul Mork’s».
  • Achilles: Spelte frå 1973 til 1979, og var bandet som tok initiativet til «Maurtuefestivalen» i Volda midt på 1970-talet. Denne årlege festivalen vart mange unge rockemusikarar si første erfaring med å spele på ei scene. Achilles starta som danseband, men byrja etter kvart å lage sin eigen musikk, og spelte fleire gonger på legendariske Club7 i Oslo. Blant medlemmene var Stein Lied, Svein Olav Blindheim, Svein Olav Kruse, Kjetil Korsnes og Odd Magne Gridseth.
  • Egil Dimmen frå Bellady og Øyvind Lied frå Anthill/Westpoint

    Anthill/Westpoint: Anthill var eit instrumentalband med Øivind Lied og Martin Foldal som sentrale medlemmer, og eksisterte eit par år rundt 1980. Gav ut kassett på eige selskap. Bandet danna grunnlag for det seinare Westpoint, der Leif Digernes var vokalist. Westpoint gav ut Lp-en «Face to the sea» i 1983, og denne selde rundt ti tusen eksemplar. Ei ny utgåve av bandet eksisterte i 1993/94.

  • Egil Dimmen og Bellady: Ørstingen Egil Dimmen var mest kjend for låta «Lite Barn», utgitt i 1984 på Ørsta-dialekt, og mykje spelt på radio. Han og bandet spelte gjennom heile 1980-talet, og Bellady hadde i løpet av desse åra mange medlemmer.
  • Hard Rain: Ørsta-bandet Hard Rain eksisterte frå 1979 til 1982, og blant medlemmene var seinare plateprodusent Yngve Sætre og Baarelag-bassist Arne Moe. Vann Vestlandsmeisterskapen i rock i 1981 – der premien blant anna var ein spelejobb til ein verdi av 10.000 kroner. Denne ventar vi framleis på…
  • Broad Line: Voldaband som heldt det gåande frå 1978 til 1987, og dei siste par åra har spelt for fulle hus kvar jul og påske på Rokken i Volda. Mange har vore innom bandet, men dagens besetning består av Knut Eilifsen, Lars Inge Bjørneset, Fred Igland, Svein Ivar Aamaas, Jarle Ertresvåg, Frode Bjørneset.
  • SUNNMØRE BAARELAG: Midt på 80-talet med Arne Moe, Kyrre Grimstad, Totto Nilsen og Kjell Rune Klubbenes.

    Sunnmøre Baarelag: Starta i 1980, held på framleis. Baserer seg på låtane skrivne av gitarist og vokalist Kyrre Grimstad. Mest kjende for gladsongane «Blide Mannj», «Bertil ifrå Berknes», «Plattingdans» (som er skriven og sungen av sologitarist Kjell Rune Klubbenes, rett skal vere rett) – og «Ferjemann på vei». Har gjeve ut fleire plater og hatt eit utal spelejobbar gjennom snart 35 år.

  • BOKKEREIDARS BLUESBAND: Bassist Svein Hunnes, vokalist Gunnar Solheim og Trond Johnsen på saksofon.

    Bokkereidars Blues Band: Eit anna svært så seigliva band frå Volda/Ørsta. Starta i 1982, held på framleis. Inspirert av Blues Brothers-filmen, og dei to som har vore med heile tida er bassist Svein Hunnes og trombonist Andre Folkestad. Har til no gjeve ut fire langspelplater, og har i løpet av tretti år hatt bortimot tretti medlemmer.

  • Etter 1980-talet: Simone Larsen song i fleire band i heimbygda før ho gjorde suksess med D’Sound og som soloartist. Beate Slettevoll Lech likedan, turnerer internasjonalt. Rap-gruppa Side Brok under leiing av Runar Gudnason frå Hovdebygda har skapt furore med hits som «En to tre – fyre!» – og Egil Olsen frå Ørsta har blitt «Big in Japan», og turnerte nyleg der borte. Størst suksess har Vassendgutane hatt. Leia av Sindre Aam og Arthur Johan Bjørdal har dei selt over 300.000 plater, og held for tida rundt sytti konsertar i året. Kjende låtar: «Ungkar med dobbelseng», «Båtfolk», «Granada» og mange fleire.

Nettside: Svein Hunnes frå Volda har laga ei stor oversikt over band i Ørsta og Volda frå 50-talet fram til no.