–Det har vore hektisk aktivitet på spelarlogistikk sida siste dagane i Hødd, skriv Hødd i ei pressemelding.

Det er to angrepsspelarar som kjem no inn i stallen og to angrepsspelarar gir seg i Hødd. Dagleg leiar Kari Mette Sundgot seier at Robin Hjelmeseth har takka ja til å kome heim til Hødd etter eit opphald i Elverum der han i 2016 og var med å sikre opprykk til OBOS-ligaen for Elverum. Og som allereie kjent, er Robin Shroot tilbake til Hødd frå ei utleigeperiode i vår til eliteserieklubben Viking.

Samstundes med at dei to Robin-ane kjem inn, so har høvesvis Sondre Beite og Amani Dickson Mbedule valt å gå til andre klubbar no i overgangsvindauget i sommar.

Trenar Sindre Eid seier at han er glad for at vi no har fått inn to spelarar som har vist tidlegare at dei skorar mange mål, og ser fram til å få dei med i spelargruppa no i inngongen til haustsesongen.

–Vi i klubben ønsker Robin Hjelmeseth og Robin Shroot velkomne tilbake til Hødd, og samstundes takkar vi Sondre Beite og Amani Dickson Mbedule for tida i Hødd og ønsker dei all lukke til i sine nye klubbar, skriv Hødd i ei pressemelding.