Torsdag 14. september kjem gjengen til Vikemarka og Vartdal skule i Ørsta, og fredag 15. september blir dei å finne på Bratteberg skule i Volda. Det er 1.-3. trinn som får oppleve Laffen og Kikkas morosame og oppklarande trafikkteater.

I «Ville veier og vrange skilt» blir borna trekt inn i kjende trafikksituasjonar som dei
møter i kvardagen. Med alvor og skjemt, hjelp frå publikum, song og musikk blir det satt fokus på skilt, trafikklys, kryssing av vei, refleksbruk, busskultur og utfordringar som må taklast av ein liten, mjuk trafikant.

Den interaktive teaterførestillinga blei produsert på bestilling frå
0-visjonsprosjektet i Søgne og Songdalen i samarbeid med Trygg Trafikk i Agder.
Etter det har «Laffen og Kikka» årleg turnert store delar av landet med støtte frå FTU, Trygg Trafikk og lokale NAF-avd.

Skodespelarar er Leif Fjelldal og Christel Aas. Dei er også ansvarleg for manus og musikk. Førestellinga varer om lag 40 minutt.