Av Svein Nordal

Første gong publisert 18/12-13

Baarelagsjef Kyrre Grimstad frå Ørsta og trommis-legende Trond Scotty Skotheim frå Ulsteinvik er samde: Dei er heldige som er såpass  gamle som dei er.

Trond «Scotty» Skotheim i 1974.

Kyrre Grimstad, her i bandbussen til Baarelaget i 1985.

– Ja, for då rakk vi att i tida då det var levande samfunnshus med dans og konsertar i kvar ei bygd. Popgrupper og rockeband hadde ein arena. Midt på 1980-talet endra dette seg: Då kravde hotella først meir reinhekla danseorkester, så bulgarske trioar, seier Skotheim.

– Og så kom altså trubadur-helvetet, flirer Grimstad, som slår fast at gullalderen for lokale band nok aldri kjem att.

Les også: Band på Ørsta og Volda frå 60 til 80-talet

Pop ved havet: Band frå ytre 

– Unge band kunne på 1970- og 1980-talet spele for eit stort publikum – for «folk flest», som det heiter. Også no spirer og gror det litt i rockemiljøet, men det er stort sett institusjonalisert, med ungdomsklubbar og til dømes Kaihuset i Ørsta. Resulatet er at musikarane i stor grad spelar for kvarandre…

Stakkars Sunnmøre Baarelag

Skotheim dreiv i mange år bookingbyrå, og meiner å hugse at Sunnmøre Baarelag ikkje akkurat var dei enklaste å booke.

– Nei, arrangørane ville heller ha band som spelte kjende låtar, gjerne av utanlandske artistar. I ettertid har det jo vist seg at det var Grimstad og Baarelaget sitt konsept som var levedyktig. Og vi andre – som spelte anna folk sin musikk – fall etter kvart gjennom, seier Skotheim, som har tatt konsekvensen av dette, og nyleg gav ut plate med sjølvskrivne songar på dialekt.

– Hehe, eg går i Kyrre sine fotspor – tretti år etter ….

Oppvakninga

– For all del – eg byrja jo sjølv i band som spelte andre sine låtar, blant anna i dansebandet «Stativ», seier Grimstad.

– Men så var det eit år eg jobba som lærarvikar i ei lita bygd, og heldt på å kjede livet av meg. På fritida sat eg og spelte og komponerte engelske songar, mellom anna «Blind Man» ….

Då han i 1980 studerte i Volda, fann Grimstad og Arve Åheim ut at dei skulle starte band. Åheim var klar på at dei i den grad dei skulle spele eigne låtar, skulle syngje dei på dialekt. Dermed skreiv Grimstad om «Blind man» til «Blinde Mannj», som etter kvart vart til «Blide Mannj» – eller «Ej likakje auene hass».

– Til mi enorme overrasking slo denne så til dei grader an hos publikum i Porsekjellaren i Volda, dei song med og det vart kjempestemning. Eg tenkte «herregud, dette er min låt!» – og deretter skreiv eg dialektsongar på løpande band ei tid…

Grimstad fortel at han i starten blant andre var inspirert av «Alice» frå Ulsteinvik, som allereie før dette hadde byrja å skrive på dialekt. Platekontrakta i 1983 rann delvis ut i sanden, rett nok vart det ein singel ut av det, men i 1985 kom debut-LP-en «Kjekke kara». Sidan har bandet halde på, med 1993 som einaste år utan ein einaste spelejobb.

«Husker du?»

Jula er tid for reunions av gamle band og romjulskonsertar. Trond Skotheim sette for nokre år sidan saman «Scottys Dreamteam», som spelte for store publikum på Sjøborg i Ulsteinvik.

– Men publikumstalet gjekk etter kvart ned frå fem hundre til hundre. Vi spelte jo det same stoffet, og dei dansande vart stadig eldre. Dette var ei av årsakene til at eg etter kvart fann ut at eigne låtar må vere tingen.

Skotheim og Grimstad meiner at det at samfunnshusa som arena for band fall bort, førte til at ein heil generasjon musikarar – dei mellom nokre og tretti og vel femti – gav seg på det.

– Nokre unntak finst – vi har jo i Ørsta både Vassendgutane, Side Brok og Egil Olsen, påpeikar Grimstad, som dei siste åra har starta både bluesfestival og andre evenement.

Kulturskilnad

Skotheim er på si side imponert over at ein i Ørsta/Volda har klart å halde rock- og bandmiljøet gåande under noko vanskelege omstende.

– Her ute i ytre er det jo ikkje slik. I Ulstein har det vel ikkje vore eit skikkeleg nytt band på tretti år. Kanskje er ørstingar/voldingar meir stolte av sitt eige, medan vi her ute omfamnar alt utanfrå. Og eg må jo seie at Grimstad må ha vore ei stor inspirasjonskjelde for både Vassendgutane og Side Brok tekstmessig. Han bana vegen for desse gruppene.

Forsømt kulturarv

Grimstad og Skotheim er samde om at politikarar, næringsliv, lokale media og lokalsamfunna generelt har behandla bandmiljøet nokså stemoderleg – og at denne delen av lokalhistoria til no har blitt elendig dokumentert. Det er liksom ikkje måte på kva støtte og sponsorpengar idretten – les då særleg fotballen – får.

– Og lokalavisene kastar seg jo på med dobbeltside kvar gong det vert arrangert ein korkafe, påpeikar Skotheim.

– Ja, medan det stort sett står ei lita annonse når eit band skal spele. Og det er sjeldan at avisene ofrar særleg mykje spalteplass på «vår» del av kulturen, seier Grimstad.

–Hehe, ja, det vert få artiklar om «vellukka rockekveld», seier Skotheim, som elles må vedgå at korkveldane av og til får han til å grøsse langt inn i sjela.

– Særleg når kora tek føre seg nokre av mine gamle rockheltar, og radbrekker songane deira….  nei huff, no får eg visst nokre fiendar….

Trass i at dei to til saman har rundt åtti års erfaring i rockens teneste, syns dei det er like moro framleis, og still going strong.

– Ingen grunn til å gje seg no. Det er forresten svært lenge sidan bestemor mi meinte eg var blitt for vaksen til å spele rock. Ho hadde høyrt meg på radio ein gong, og spurde far min: «Ka de e med nå Kyrre? Ska-kje han snart gje sej med dinnja kakkar-musikken no?» …